Sesongen 2011

Nokre smakebitar frå sesongen 2011:

Hauksongar. Foto: Stian Moldskred

Gulbrynsongarar. Foto: Stian Moldskred

Spurveugle. Foto: Stian Moldskred

Perleugle. Foto: Stian Moldskred

Vendehals. Foto: Stian Moldskred

Bøksongar. Foto: Stian Moldskred

Rosenfink. Foto: Stian Moldskred

I 2011 blei det ringmerkt 23779 fugl fordelt på 120 artar av Sunnmøre RG. Ringmerkingstala varierer sjølvsagt frå år til år og frå ringmerkar til ringmerkar; siste år med variasjon frå 0 til 5311.

Desse ringmerkarane nytta lisensen sin i 2011 (* etter namnet: Var i 2011 med på ringmerkingsarbeidet på Giske OS) : Jostein Fagerhol, Alv Ottar Folkestad, Lars Petter Folkestad*, Petter Folkestad*, Eldar Arne Giske*, Karl Johan Grimstad, Sigurd Arne Hovde, Vegard Aambø Langvatn, Tore Chr. Michaelsen, Stian Moldskred*, Per Steinar Myklebust, Oddvar Olsen, Stein Inge Refvik, Sveinung Remøy*,  Tor-Amund Røsberg, Bjarte Røyset , Kjell Mork Soot* og Ole Edvard Torland (Longyearbyen).

I 2011 var desse  fangstplassane i drift i lengre periodar:

SUNNMØRE : Giske kommune (to stader): Makkevika på Giske  (=Giske OS) og Skjongskaret på Valderøy. Hareid kommune (tre stader): Grimstadvatnet (CES-prosjektet og vanleg fangstplass) og Hovden. Ørsta kommune: Barstadvik. Ålesund kommune: Gjerdet.

NORDFJORD : Selje kommune: Djupedal. Eid kommune: Nordfjordeid.

SVALBARD: Longyearbyen (Adventsdaldeltaet),der LoFF-huset er stasjonsbygning.