Det første CES (Constant Effort Sites) - prosjektet i Europa såg dagens lys i Storbritannia i 1981. Våren 2008, 27 år etter starten i Storbritannia, lanserte Ringmerkingssentralen dette prosjektet i Noreg, og håpet var at enkelte grupper kunne kome i gang allereie same vår. Metodikken er velprøvd; det er fangst og ringmerking på faste plassar i hekketida, i Noreg i mai, juni, juli og august med i alt 12 fangstperiodar, tre i kvar månad.

CES-lokaliteten på Hareid: Lokaliteten ligg på austsida av Grimstadvatnet, og er ein del av Grimstadvatnet Naturreservat. Kjell Mork Soot eig stykket, så bruk av dette området burde vere sikra. Her vil nok ikkje grunneigaren jage ringmerkarane bort! I aust grensar denne lokaliteten mot dyrka mark og ein relativt nyanlagd jordbruksveg. I vest grensar stykket mot Grimstadvatnet. Vegetasjonen er for det meste ganske stor bjørkeskog, rundt 30 år gammal. Undervegetasjonen består mest av blåbærlyng, røsslyng og bjønnskjegg, med ein del småbusker, m.a. vier. Sidan det vart starta opp utan heisenett, må vi halde fram på same måten i framtida. Det skal vere mest mogeleg likt frå år til år.

 

 

CES- prosjektet på Hareid

Denne raudstrupen var første fuglen som blei registrert i CES Norge, 01. mai 2008 klokka 05.21.  (Foto: Kjell Mork Soot).

 

Antal individ fanga, fordelt på periode og år, i CES-Norge Hareid 2008-2011