Giske OS

 

Kjell Mork Soot

Ringmerking:
Sidan ringmerkinga begynte i Makkevika i 1970, er to artar ringmerkt for første gong i Noreg der. Det er skjorgauk og dverglerke, sjølv om Giske OS først og fremst er ein vadarstasjon. Andre sjeldne artar som er ringmerkt der, er alaskasnipe (to individ) og rustsnipe (1). Av meir småsjeldne vadarartar som er blitt ringmerkte, kan nemnast dverglo, fjellmyrløpar, temmincksnipe, sotsnipe, gluttsnipe og svarthalespove. No for tida satsar vi på artar som vi har sjanse til å fange inn ein del av, og som det er lite ringmerking av i Noreg, og dermed liten kunnskap om: tundralo, sandlo, dvergsnipe, tundrasnipe, brushane og lappspove. Vi vil etter kvart prøve oss meir på enkeltbekkasin og kvartbekkasin, og har begynt å fundere på korleis vi kan få fanga inn ender, som det periodevis er mykje av i Makkevika.

Einaste sporvefuglen vi har planar om å satse på, er skjerpiplerka. Medan vi bygde stasjonsbygninga på etterjulsvinteren og våren 2002, eksperimenterte vi med forskjellige fangstmetodar for å sjå om vi kunne finne ein effektiv måte å fange inn den arten på. Og det lukkast vi med. I løpet av 2002 og 2003 har vi fanga og ringmerkt over 3800 skjerpiplerker. Tidlegare er det i Noreg vanlegvis blitt ringmerkt rundt 100 skjerpiplerker totalt pr år.

Dei vadarartane som Giske OS prosentvis har ringmerkt mest av, er sandlo (ca.52 % av totalen i Noreg), tundralo (ca.48 %), dversnipe (ca.39 %), brushane (ca. 30 % ), heilo (ca.28 %) og tundrasnipe ( ca.27 %).

Artiklar:

Giske OS har fått nytt stasjonsbygg.

Leukistisk sandlo i Makkevika, Giske

Giske OS øydelagd av orkanen Dagmar

Om Giske OS, nytt bygg, ringmerking m.v.

Stasjonsbygget på Giske OS. Foto: Jostein Fagerhol.

Foto: Petter Folkestad