Sesongen 2010

I 2010 blei det ringmerkt 21329 fugl av Sunnmøre RG. Ringmerkingstala varierer sjølvsagt frå år til år og frå ringmerkar til ringmerkar;  siste år med variasjon frå 1 til 6743.

Desse ringmerkarane nytta lisensen sin i 2010 (* etter namnet: Har i 2010 vore med på ringmerkingsarbeidet på Giske OS) : Jostein Fagerhol, Alv Ottar Folkestad, Lars Petter Folkestad*, Petter Folkestad*, Eldar Arne Giske*, Karl Johan Grimstad, Torbjørn Hasund, Sigurd Arne Hovde, Vegard Aambø Langvatn, Tore Chr. Michaelsen, Stian Moldskred*, Per Steinar Myklebust, Oddvar Olsen, Stein Inge Refvik, Sveinung Remøy*, Olav J. Runde,  Tor-Amund Røsberg, Bjarte Røyset , Kjell Mork Soot* , Ståle Sætre og Ole Edvard Torland (Longyearbyen). Sjå elles eige avsnitt om fangsten på Svalbard.

I 2010 var desse  fangstplassane i drift i lengre periodar:

SUNNMØRE: Giske kommune (to stader): Makkevika, med resten av øya Giske (=Giske OS), og Skjongskaret på Valderøy. Hareid kommune (tre stader): Grimstadvatnet (CES-prosjektet og vanleg fangstplass) og Hovden. Herøy kommune: Runde. Selje kommune: Djupedal. Ørsta kommune: Barstadvik. Ålesund kommune: Gjerdet.

 

Les heile rapporten her

Årsmelding SRG 2010

Kjell Mork Soot

Polarsnipe, Erkna 2010. Foto: Jostein Fagerhol.